Jeg skal innrømme at det er ikke så ofte jeg leser dikt. I dag derimot, fant jeg diktet «Pensjonistvask» av Jostein K. Hildre i den lokale avisen. Dette diktet var så bra at det må bare deles.
Kanskje treffer det best den eldre ungdommen, men knakende godt var det likevel!
Pensjonistvask
Som pensjonist har eg det kjekt
for eg har så mange slags prosjekt
så dagane dei går veldig fort
stundom eg synest dei blir for kort
prosjekta er ofte av ein slik art
at eg både lukta og blir litt svart
så det eg gjere når dagen er slutt
– eg besøker dusjen eit par minutt
Eg veit at det finst dei som seie
at eg burde satse litt på personleg pleie
og løysinga den kom som bestilt
på bensinstasjonen stod der eit skilt:
Pensjonistvask på torsdag
– med femti prosent prisavslag!
eg reiste på sykkel og hadde med
eit sett med nyvaska underkle
Dama bak disken kom med ei anbefaling
understellspyling utan ekstra betaling
for der finst det mange sprekker og høl
som du ikkje kjem til når du vaskar sjøl
husk å legge ned antenna, for det er lite kjekt
viss den av ei børste blir knekt
eg sa: det er ingen fare, som du forstår
den har ikkje vore oppe på mange år
Eg betalte kontant og fekk lappen min
og dama forklarte kvar eg skulle gå inn
dei andre pensjonistane var nok litt seine
så der var ingen andre, eg var heilt åleine
eg kledde av meg og så trykte eg på start
og då skjedde det ting i ei rasande fart
det er vanskeleg å fortelje om det som hende
eg såg ikkje alt, men det meste eg kjende
Eg blei spyla og skrubba på hender og fota
og frykta at håret blei reve opp med rota
eg var som ein astronaut i eit vektlaust rom
som slost mot børstar og såpeskum
Understellspylinga: ja, då miste eg mest pusten
til slutt blei eg sprøyta med “Tectyl” mot rusten
og vondt var det då eg skulle gå
Eg sykla ikkje heimatt, nei, eg gjekk
for huda på baken var nesten vekk
og viss du spør kva eg gjer på no
– eg ligg på groing og tar det med ro
neste gong vi møtest, er eg rein skal du sjå
kor lenge det varer, det lurer eg på
men om eg atter blir skitten og grå
pensjonistvask skal eg aldri meir prøve meg på!
Jostein Kvithaug
Hildre